P Å   G Å R D E N      
  F O R T E L L I N G E R      
  S P I L L      
  M U S I K K      
  M A T      
  V I S S T E   D U   A T …      
  H V A  S K J E R      
 
 
 
 
     
 
Eventyr
Myter og sagn
Historier
 Om hesten
 Om kua
 Om grisen
 Om høna
 Om sauen
 Om geita
 Om katten
 Om hunden
 Fra Bjørnstjerne Bjørnson
 Vesleblakken
 Lauvros
 Revefangst
 Bjørn og elg
 
 
 
 
Revefangst

Har du høyrt om den gongen han Per og han Ola skulle fange reven?
Ja, det gjekk såleis til det.
Han Per og han Ola var grannegutar og jamnaldringar. Dei hadde alltid vore mykje saman, og gode vener hadde dei støtt vori.
Ein vår hadde han Per fått seg eit lite bukkekje og han Ola eit lite vêrlam. Det var to morlause stakkarar, og så hadde smågutane fått dei. Dei hadde stelt med desse to, og no hadde dei vorti så store og gilde så det var reint moro å sjå. Vesle vêren tok til å få kroknase og krøkte horn og lang rumpe, som vêrar plar få. Og bukken tok til å briska seg med lange horn og lugg i skallen og skjegg under haka, som bukkar skal ha.
Om sumaren gjekk dei langt oppi lia, desse  to. Men da var ulukka ute. Vêren vart reint borte, og alt det smågutane leita, så fann dei ikkje håret av han eingong.
«Det er reven,» sa han Per.
«Den raude fanten,» sa han Ola.
«Han vil vi fanga,» sa han Per
«Og slå i hel,» sa han Ola.
Men korleis dei skulle greia det? Børse var det ikkje råd å få tak i. Han Ola fann til slutt ein utveg likevel. Dei hadde vori på skulen om dagen, og der hadde dei lesi om «Han far sjøl i stua».
No skulle dei og grava ein ulvegrav, liksom mannen gjorde, meinte han Ola. Og han Per fann på enda noko til.
Nord i dalen hadde det ein gong vori ein husmannsplass. Der var gravi ein brunn som var minst 3 alner djup, og han var tom nå. Og det var ikkje så lang derifrå dei sist hadde sett vëren. Brunnen ville dei bruka!
Dagen etter bar det i veg. Dei la greiner og kvister over brunnen, breidde mose over kvistene og stakk lyng ned i mosen, og utpå der kasta dei ei kråke, som han Nils, tenestegutten, hadde skoti.
Så gjekk dei der i von og venting i heile tre dagar, og så fikk dei endelig til å sjå etter. Men du store allverda!
Dei såg det på lang lei. Det var hol i kvisttaket, og dei høyrde noko som tyta og bar seg nedi brunnen.
Gutane la av stad over stubbar og stein og lyng, reint andslopne og med auga i hårgarden.
«No skal du få gjera like for vêren di tok!» skreik han Ola.
«Og for høna du har stole frå oss» sa han Per.
«Og for» – – – –

*  *  *
Seint og lapøyrde drog dei seg heimetter. «Den fillebikkja! Den fantefilla!»
Det var no elles godt at ikkje nokon visste om det, så slapp dei forfantord. Men han Kristian Vestigard undra seg mykje på korleis dei hadde seg at hunden hans vart så reint borte i tre heile dagar. Og da han kom att, var han så tom og tunn og utsvelt at det var ilt å sjå.
Da sauene kom heim or fjellet om hausten, var det ein vêrkult med som ingen kjendest ved.
Ein dag råka denne vêren bukken hans Per, og da såg det plent ut som dei var gamle kjenningar, desse to. Og dei gjekk saman kvar einaste dagen så lenge dei var ute om hausten.

(Revefangst av Ola Majanger)

 
 
  © 2005 Fylkesmannen i Vestfold, Landbruksavdelingen   -   Send en melding til Tommeliten?