P Å   G Å R D E N      
  F O R T E L L I N G E R      
  S P I L L      
  M U S I K K      
  M A T      
  V I S S T E   D U   A T …      
  H V A  S K J E R      
 
 
 
 
     
 
Eventyr
Myter og sagn
Historier
 Om hesten
 Om kua
 Om grisen
 Om høna
 Om sauen
 Om geita
 Om katten
 Om hunden
 Fra Bjørnstjerne Bjørnson
 Vesleblakken
 Lauvros
 Revefangst
 Bjørn og elg
 
 
 
 
Lauvros
Mor og far hadde ei ku som het Lauvros. Eg gjætte, og eg minnest vel kor kåt og lettliva ho var. Det er skilnad på fe som på folk både i det og mangt anna. Snill og glad i gjætaren var ho óg, eint framifrå.
Oppe i liene var ein støl, Bergstøl. Han var ven og koseleg, flate vollar og fjell med lauv og barskog ovafor. Godt gras var der òg, og så lognt for vêr og vind. Kvar gong eg kom til til Berstøl, dansa Lauvros, kasta seg, bles i nasen, sprang med dei underlegste hopp og fakter rundt stølen mange gonger. Så kom ho til meg, trytte, såg på meg, plent som ho spurde: «Er her ikkje vent, du?»
Eg forstod det. «Jau, jau, Lauvros, her er vent.» Ho fekk salt; eg klappa og kjelte ho. Så la ho seg da på finaste kollen og drunde så inderleg nøgd.
Ja, Lauvros var klok, og hadde så godt hjartelag som det kan liggja i eit menneske.
Ein dag kom ho boret for meg. Eg sakna ho straks, og leita og kalla. Det var ikkje lenge før eg høyrde det trytte og stunde så tungt ende nedafor meg i nokre bjørkeholt. Eg ned.
Der låg Lauvros flat på sida innmed ei stor låg. Stakkar! Kor er det med deg? Det småregnde, marka var sleip, og bakken der ho låg, bratt. Ho hadde broti av seg bakfoten, skridi inn under låge med han. Eg gjøymer aldri så underleg ho såg på meg; eg tur ho gret. Auga var så blanke og så fulle av bøn og tru til meg, at eg skulle hjelpa. Eg la meg på kne, tok ho kring halsen, og at eg gret, det er da visst og sant, det. Ho stunde, ho klaga seg over kor vondt ho hadde det. Eg sprang heimetter, da rauta ho. Eg snudde og kjælte ho og sa:«Eg lyt hua på far og mor, så kjem dei og hjelper deg.» Det var plent som ho skjøna det. Ho låg still og tagde. Eg sprang fram på ei nut og hua heim. Eg ropa så dei fekk vita kva som stod på.
Far og Søren Plassen drog Lauvros heim på ein høyslede. Det var tungt, men dei var sterke karar begge to, og godt gjekk det. Lauvros låg still, berre stunde av og til, når det skumpa for vondt og sleden gjekk over steinane i utmarka.
Vi stelte godt med Lauvros, og ho vart like god att og like spræk. Det syntest lite, – foten vart berre et ørlite grann skeiv. Du såg det aldri utan du såg godt etter på ho.
Og kvar gong ho kom til Bærstøl, dansa ho og gledde seg –, og kvar haust, når høy og korn var i hus og buskapen måtte i jordet, gledde ho seg og sprang kåt utover i kvar kroken, helsa på og kjendest ved vollar, holt og buskar.

(«Paa fjeld og fynne» av John Lie)
 
 
  © 2005 Fylkesmannen i Vestfold, Landbruksavdelingen   -   Send en melding til Tommeliten?