P Å   G Å R D E N      
  F O R T E L L I N G E R      
  S P I L L      
  M U S I K K      
  M A T      
  V I S S T E   D U   A T …      
  H V A  S K J E R      
 
 
 
 
     
 
Eventyr
Myter og sagn
Historier
 Om hesten
 Om kua
 Om grisen
 Om høna
 Om sauen
 Om geita
 Om katten
 Om hunden
 Fra Bjørnstjerne Bjørnson
 Vesleblakken
 Lauvros
 Revefangst
 Bjørn og elg
 
 
 
 
Om geita

Skaut seg til og hoppa

Geita kan læra seg mange sprett og kunster. Det viser til gangns denne historia om geitebukken i Heidal i Gudbrandsdalen. Asbjørn Sagflaten fortel frå oppveksten sist på 20- og fyrst på 30-talet om opplevingane sine saman med ein gløgg bukk.

Familien min eigde ein geitebukk. Det var ein stor, fin bukk, med langt, fint ragg. Bukken og eg var gode vener. Om vintrane dreiv eg med skihopping heime på Sagflaten, og så snart eg tok skiene fram, kom bukken og var med han óg.
Eg gjekk opp i tilløpet med bukken like bak meg. Når eg aka utfor, stod bukken heilt roleg til eg hadde hoppa og svinga ned på flata. Da tok bukken tilløp til hoppet og skaut seg til og hoppa langt ned i bakken, heldt fram og sprang ned på sletta og svinga fint.
Dette dreiv oss på med i lange stunder um gongen i fleire år. Når det kom fremmendt folk til gards, måtte oss ut å ha oppvisning. Ein gong kom det reisande til gards. I fylgjet var ein stor velvaksen kar. Han ville vere med å sjå på, og det fekk han. Da han kom inn at, sa han: «Eg har reist land og strand rundt, men noko slikt har eg aldri sett før.»

(Hentet fra Olga Meyers bok: Fine dyrehistorier i Nitimen)

 
 
  © 2005 Fylkesmannen i Vestfold, Landbruksavdelingen   -   Send en melding til Tommeliten?