P Å   G Å R D E N      
  F O R T E L L I N G E R      
  S P I L L      
  M U S I K K      
  M A T      
  V I S S T E   D U   A T …      
  H V A  S K J E R      
 
 
 
 
     
 
Eventyr
Myter og sagn
Historier
 Om hesten
 Om kua
 Om grisen
 Om høna
 Om sauen
 Om geita
 Om katten
 Om hunden
 Fra Bjørnstjerne Bjørnson
 Vesleblakken
 Lauvros
 Revefangst
 Bjørn og elg
 
 
 
 
Om sauen

Sauebreking utanfor huset

Gudrun Mjelde, Garnes, fortel om Brisa som «sa frå» og fekk med seg vesle Gudrun og mor hennar langt av garde:

Eg er pensjonist, men eg gløymer aldri noko som hende då eg var elleve-tolv år gammal. Det var i slutten av april, og mor og eg var åleine heime.
Så høyrde vi sauebreking utanfor huset. Vi gjekk ut, og der stod eine sauen vår, Brisa var namnet hennar. Vi såg med ein gong at ho hadde fått lammet sitt, og forstod at det hadde hendt noko spesielt. Vi tok på oss yttertøy og følgde etter sauen. Ho sprang føre, snudde seg av og til for å sjå om vi var med, og så breka ho.
Eit par kilometer unna stansa ho ved ei kløft, og nedi denne kløfta stod lammet. Heldigvis var ikkje kjøfta så djup. Det var heller ikkje stein på botnen, men lauv og gras. Eg klatra nedi og fekk lammet opp, det var reinslikka og heilt i orden. Antakeleg hadde det glidd utfor da det prøvde å reise seg. Mor og eg blei veldig glade, men den som gjerne blei aller mest glad, var nok Brisa, ho var ein snill og klok sau som vi hadde i mange år.

(Hentet fra Olga Meyers bok: Dyrehistorier i Nitimen)

 
 
  © 2005 Fylkesmannen i Vestfold, Landbruksavdelingen   -   Send en melding til Tommeliten?