P Å   G Å R D E N      
  F O R T E L L I N G E R      
  S P I L L      
  M U S I K K      
  M A T      
  V I S S T E   D U   A T …      
  H V A  S K J E R      
 
 
 
 
     
 
Eventyr
Myter og sagn
Historier
 Om hesten
 Om kua
 Om grisen
 Om høna
 Om sauen
 Om geita
 Om katten
 Om hunden
 Fra Bjørnstjerne Bjørnson
 Vesleblakken
 Lauvros
 Revefangst
 Bjørn og elg
 
 
 
 
Om høna

Gjorde seg små og usynlege

«Våre utspekulerte høner» innleier Herdis Sandøy brevet sitt til Nitimen med og fortel om hønene deira heime på Sandøya i Romsdalen. Éin ting er sikkert: Her er det snakk om høner med forstand på strategi.

Det var i 70-åra. Svogeren min budde ca 60 meter frå huset vårt og nær sjøen som vi. Han hadde sådd og ordna plenen sin om våren, så det tok til å spire litt. Rundt tomta hadde han hagegjerde, men porten var open bestandig.
Vi hadde ti frittgåande, brune høner på den tida, og dei var tamme, så ungane bar dei rett som det var. Dei hadde eit fint og stort område, med litt småskog å boltre seg i.
Svogeren min klaga over at når han var på sjøen og fiska, hadde det vore nokon i hagen og sparka opp plenen. Han spurte om vi hadde sett om hønene hadde vore der, men det hadde vi ikkje. Dette hendte kvar gong han var på sjøen.
Så tenkte vi at no skulle vi passe på. Jau, ganske riktig, når svogeren starta motoren, såg vi hønene stod og lytta og såg ned på hamna. Så rusla dei ein etter ein til svogeren. Og når han kom inn frå sjøen, kom hønene att. Vi sa ingenting, men kvar gong han starta motoren, så lista fire av hønene seg til hagen hans. Det var ikkje berre det at dei gjekk, men dei gjorde seg små og usynlege.
Så sei ikkje at ei høne er dum. For det rare var at det var mange båtar her, men truleg har dei merka seg ved båtmotoren hans. Vi fekk han til å lage port, og dermed var det slutt på besøket, og svogeren kunne glede seg over dei fine, grøne spirene i hagen sin.

(Hentet fra Olga Meyers bok: Fine dyrehistorier i Nitimen)

 
 
  © 2005 Fylkesmannen i Vestfold, Landbruksavdelingen   -   Send en melding til Tommeliten?