P Å   G Å R D E N      
  F O R T E L L I N G E R      
  S P I L L      
  M U S I K K      
  M A T      
  V I S S T E   D U   A T …      
  H V A  S K J E R      
 
 
 
 
     
 
Eventyr
Myter og sagn
Historier
 Om hesten
 Om kua
 Om grisen
 Om høna
 Om sauen
 Om geita
 Om katten
 Om hunden
 Fra Bjørnstjerne Bjørnson
 Vesleblakken
 Lauvros
 Revefangst
 Bjørn og elg
 
 
 
 
Om kua

Godt gjort

Ei ku kan vera ein god luring. Torborg Guntveit, Jondal i Hardanger, fekk oppleva det då ho var sommarhjelp på ein gard i Strandebarm i 1936. Torborg og ei jente på nabogarden hadde som oppgåve å gå i marka og mjølka kveld og morgon, og bera mjølka i ryggspann heim til kvar si gard:

Det var eit gjerde i utmarka mellom dei to gardane, slik at ikkje kyra skulle koma saman. Men so opplevde me at kvar morgon var «våre» kyr komne over på naboeigedomen, og me hadde eit fælt strev med å få dei tilbake.
Der var grind i vegen, ho var att, og me skjøna ikkje korleis dette kunne gå for seg.
Men ein morgon me var litt tidleg ute, kneip me «syndaren», ei svart ku med horn. Ho var så smart at ho stilte seg med grinda, sette eine hornet innmed låsen, og opna grinda på vidt gap. Ho sto og heldt den open til heile bølingen var komen over på den «ulovlege» sida. Da sleppte ho grinda, og grinda gjekk i lås att. Kua hadde fått alle dei ti-tolv dyra med seg dit ho ville. Godt gjort, kva?

(Hentet fra Olga Meyers bok: Dyrehistorier i Nitimen)

 
 
  © 2005 Fylkesmannen i Vestfold, Landbruksavdelingen   -   Send en melding til Tommeliten?